Gardsovernatting Ramlarstugu | Nordigard Ramstad

Bakasyunan sa bukid na hino-host ni Ola

  1. 2 bisita
  2. 1 kuwarto
  3. 1 higaan
  4. 0 paliguan
Buong tuluyan
Masosolo mo ang matutuluyan sa bukid.
Mas Masusing Paglilinis
Nangangako ang host na ito na susunod siya sa proseso ng mas masusing paglilinis ng Airbnb na binubuo ng 5 hakbang.
Wifi
Madalas hanapin ng mga bisita ang sikat na amenidad na ito
Ipinapakita sa orihinal na wika ang ilang impormasyon.
Sjarmerande gardsovernatting i fjellbygda Skjåk!

Historiske Ramlarstugu er restaurert til ein koseleg overnattingsstad med god atmosfære. Ramlarstugu består av kun eitt rom med historisk skuvseng – som utslått tener som dobbeltseng. Bad med toalett og vatn finn du i nabobygget.

Kvar morgon serverer vi herleg frukost med våre nyverpa Gudbrandsdalsegg i den historiske landhandelen Ramstadbue til kr. 150,- (80,- for barn).

Ang tuluyan
På historiske Nordigard Ramstad kjem eventyret i mange formar. Frå fjøset, på garden, i naturen, ved matbordet, gjennom historia og i den storslåtte fjellheimen som omgir oss.

Garden ligg på solsida i Skjåk – krinsa av nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellmetropolen Lom ligg ein svipptur unna, fjordperla Geiranger motsatt veg.

På Nordigard Ramstad vaknar du i tindeparadis, men hjå oss er overnatting langt meir enn ein god natts søvn. På det idylliske gardstunet finn du forutan hyggelege sittegrupper både katt og kaninar, høner og hund. Jordbær og bringebær kan du gjerne få plukke, og vil ungane vere med å sortere egg i hønseriet, så klukkar vertskapet nøgde. Leikarstugu, huskestativ, sandkasse og eventyrleg buldrestein finst og i det intime tunet. Vi har og kajakkar til leige om du vil freiste eksotisk øyhopping i Ottaelva rett nedanfor garden.

Ynskjer du anna overnatting, så er det mogleg å leige både fullt utstyrt leilegheit for inntil seks personar, bonderomantiske Eldhuset (inntil fire personar med bad og kjøken) eller intime Ysthuset (soveseng for to – bad med toalett og vatn i nabohuset).

...og så må vi få invitere deg inn i den historiske landhandelen på tunet:

Ramstadbue – sjarmbombe og sosial møteplass av ei anna tid. Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett. Historiske godbitar av ymse slag er for sal, så kan det hende du litt lettare klarer å rive deg laus.

Sjekk gjerne Nordigard Ramstad si nettside for å bli betre kjend med oss.

Velkomen til gards!

Ang inaalok ng lugar na ito

Access sa Lawa
Wifi
Libreng paradahan sa lugar
Likod-bahay
Indoor fireplace
Pinapayagan ang pag-iwan ng bagahe
Kuna
High chair
Nakalaang workspace
Puwede ang mga pangmatagalang pamamalagi

Piliin ang petsa ng pag-check in

Idagdag ang iyong mga petsa ng pagbibiyahe para malaman ang eksaktong pagpepresyo
Pag-check in
Magdagdag ng petsa
Pag-check out
Magdagdag ng petsa

4.72 out of 5 stars from 60 reviews

Kalinisan
Katumpakan
Pakikipag-ugnayan
Lokasyon
Pag-check in
Pagiging sulit

Saan ka pupunta

Skjåk, Oppland, Norway

Nordigard Ramstad ligg midt i Nasjonalparkriket – med høgfjell og turistattraksjonar på alle kantar:
- Øyhopping i elva rett nedanfor garde – kajakkar til utleige på garden
- Fantastiske fjellturar frå dørstokken
- Ramstadbue – historisk landhandel og sjarmerande gardspub på tunet
- Nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen
- Bakeriet i Lom (15 min)
- Norsk fjellsenter i Lom (15 min)
- Dønfoss – spektakulært elvebad og Nord-Europas største steinrøys
- Verdsarvfjorden Geiranger
- Brimiland og Arne Brimi sitt Vianvang
- Sota seteridyll
- Galdhøpiggen – Noregs høgste fjell
- Besseggen – kåra til ein av verdas flottaste fjellturar
- Glittertind – nest høgast og vakrast i landet?
- Sognefjellet og Strynefjellet
- Rafting i Sjoa
- Rondane og Dovrefjell (med moskussafari)

Hino-host ni Ola

  1. Sumali noong Mayo 2019
  • Naberipika ang pagkakakilanlan

Mga Co-host

  • Odd Joar
  • Sigurd

Sa iyong pamamalagi

Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad er djupt engasjert og oppriktig glade i både garden, dyra og gjestane sine – noko du garantert vil merke under ditt opphald. På få år er Nordigard Ramstad blitt videreutvikla frå tradisjonell fjellgard til eit blomstrande turist- og lokalmateventyr. I dag dyrkar Nordigard Ramstad gode opplevelingar i form av gardsovernatting i stemningsfulle tømmerhus med gardspub og landhandleri på tunet. I to nybygde hønsefjøs blir gudbrandsdalsegg verpa fram i to skift. På kjøkkenet baker Gudrun vidgjeten Gudbrandsdalskaku av klinkegg frå eigne høner – slik at inga råvare går til spille. Og til alle døgnets tider er Odd Joar i sving for å levere kvalitet frå øvste fjellhylle til gjestar og kundar.

Gudrun og Odd Joar bur sjølve på Nordigard Ramstad, er lette å få kontakt med og eit særs triveleg selskap under opphaldet. Spør gjerne om tips til turar, aktiviteter og andre opplevingar i nærområdet!
Ekteparet Gudrun og Odd Joar Ramstad er djupt engasjert og oppriktig glade i både garden, dyra og gjestane sine – noko du garantert vil merke under ditt opphald. På få år er Nordig…
    Para maprotektahan ang iyong pagbabayad, huwag kailanmang magpapadala ng pera o makikipag-ugnayan sa labas ng website o app ng Airbnb.

    Mga dapat malaman

    Mga alituntunin sa tuluyan

    Pag-check in: 3:00 PM - 9:00 PM
    Pag-check out: 11:00 AM
    Bawal ang alagang hayop

    Kalusugan at kaligtasan

    Nangangakong susunod sa proseso ng mas masusing paglilinis ng Airbnb na binubuo ng limang hakbang. Magpakita pa
    Nalalapat ang mga tagubilin sa pagdistansya sa kapwa at iba pang tagubilin kaugnay ng COVID-19 na itinakda ng Airbnb
    Carbon monoxide alarm
    Smoke alarm

    Patakaran sa pagkansela

    Tuklasin ang iba pang mga opsyon sa loob at palibot ng Skjåk